Full text: Jølster 1932 Jølster

der 
Sogn og Fjordane, g.nr.23,1-10 
Stn. v/skb. 1932 
Jøtlebørane 
Xatkebaxx. I millom Neztebakkjen og Øvstebakkjen er ei lita slette 
og på denne sletta ligg nokre store steinar tett ved stølsvegen på 
bøen åt Eirik Befring. Ein gong i tida kom det ein jøtul her, og 
han skulde over Stordalselva. Han hadde ofte tykt at det var vondt 
å kome seg over, og tok difor nokre store steinar med seg til å byg 
gje bru av. Han budde uppi Befringsdalen, men skulde til Veiteberg 
og hente gjenta si. Han greidde godt å kome over når elva var lita, 
men denne gongen fløymde go over bardane. So tok han ein stein 
unde kvar arm og rusla nedover. Nede i Øvstebakkjen gleid han og 
miste båe steinane. Den eine trilla inn i eit gjel tett innanfor 
og den andre la seg ved stølsvegen. Båe steinane kan ein enno sjå, 
og det er umlag 50 hestelass i kvar av dei. Sidan har steinane 
vorte kalla Jøtlebørane. 
Um Jøtlebørane (eller Jøtlebørene) er den same soga som ovanfor for 
tald på ein annan måte sume stader. Soga lyder då so: Ein jøtul son 
budde i Beringsdalen skulde over til Veiteberg og hente gjenta si. 
Han tok med seg eit par steinar frå Kvennebakkane til å leggje i elv 
til vadsteinar. Men han vart so lenge med dette at då han kom hein 
i Øvstebakken, gol hanen, og han slepte steinane som ligg der den 
dag i sag.