Full text: Samling av folkeminne sumaren 1933 i Hafslo og Jostedalen i Sogn. 1933-22 Hafslo

Prestesøyr. 
stod 
Presten Rask var eingng og såg på dei dansa. Dei dansa alltid 
i borggarden nett utfor prestestovedøri like etter vigsla. Dei svinga 
seg kraftigt, og dyktigt drukne var dei og. Folk sat på benker. 
og såg på. So var det ein (gamle-Moen) som dansa so rjukande 
og gjorde slike fæle rundkast. Presten tykte det var karslig 
gjost, og so sa han: "Du fær koma inn i stova til meg". Han 
gjekk inn og fekk tvo drammar av presten. 
for 60-70 år sidan var det preik dei til kyrkje ein 
Joledag. Folk var ofte drukne då i kyrkja. So var det ein 
mann som hadde krabba seg upp på Kyrkjelemen stuvdrukken. 
Etter kvart som presten preikto, let han vel over preiki 
og sa: "Nei å nei, kor sant du segjer. "Sanmlig deg segjer 
du sant. 
Då dei skulde syngja salmen: Oss er sdag en frelser født 
So sette han i å syngja: Bor jeg på det hois fjell o.s.b. 
Han hadde ei kvass og høg røyst og han høyrdest i 
hele kyrkja. Men då tok sonen hans og fekk han ned frå 
kyrkjelemen og utor kyrkja. Dette var i presten Rask si tid, men 
han gjorde ingenting med det. 
Presten Hansen i Luster var synsk. Eingong køyrde 
han heimatt fra ei gudstenesta på Skjolden. Då han kom 
til Bringe-boen, såg han ei snøskreda kom og tok 
garden. Då ropte han: "Å Gud, å Gud, hvad gjør du ni. 
Ei tid seinare kom det ei søskreda over Brenge 
og drap datteri og tenestgjenta.