Full text: Samling av folkeminne sumaren 1933 i Hafslo og Jostedalen i Sogn. 1933-22 Hafslo

(Dette høyer til på side 4) 
Då folketalet tok til veksa i dei kringliggjande bygder 
og det vart trongare um jord, tok dei til å tenkja på 
Jostedalen. Det fortelst at det var nokre nordfjordingar 
som var dei fyrste til å busetja seg i dalen etter Svartedauden. 
Like eins flytte nokre ættingar etter Jostedalsrypa 
uppatt i dalen og det er truleg at det var desse som 
bygde uppatt den kyrkja som står der den dag i dag