Full text: Samling av folkeminne sumaren 1933 i Hafslo og Jostedalen i Sogn. 1933-22 Hafslo

Ymist 
Når dei ikkje fekk mjølki or ei kyr sette dei ein talekniv 
over henne, og la eit stølstykke i byttebotnen (Jostedalen) 
Når det i trakenna, kosta dei ein sylvpeng i kinna. (jostedalen) 
Vonde folk gav framande beist salt i beiti, so dei ikkje skulde 
gå heimatt. (Jostedalen) 
Når det kom bjørn på stølen, so tok dei brandar or selpeisen 
og gjekk ut med dei og skreikt, og gaulte (fostedalen) 
Når det var gjort elt på bersta, skulde eigaren gjera si torv 
framum hovudet på beistet i båsen (Jorkdalen) 
Nyfødde born la dei i eit trog og so la dei salmeboki 
under hovudet på det (Jostedalen) 
Når ei kyr ikkje vert heil, d.v.s. ikkje fær greida ifrå 
seg, so skal ein gjeva henne tre sildar med hovudet fyre. 
(Jostedalen) 
Når ein buskap veit tusut, skal ein brenna 
noko ved i omnen medan presten står på stølen, og so skal 
ein strå beisti med denne oska. I basen kan skal ein strø 
vanleg øska (Jostedalen) 
Han far gjorde fint upp låven jolaftan, gjorde han so rein som 
han kunde, sette ein stol åt spelemannen og bord som dei 
kunde setja drikkevarone sine på og laga saga-benker som dei kunde 
sitja på. Det var Jælesveinane han gjorde dette, og det er ikkje 
etter 
meir enn 30-40 sidan (Onders Snøten, Krondalen) 
når dei vart utslept 
Dei brukte å setja en Fjørkross på bøgene på lambi. Det 
skulde verna dei mot reven. (Jostedalen) 
Dei måtte aldri slå 3 ormar med same lurker. Ein mann i 
Skjolden var eingong i marki og slo, Han slo fyrst i hal 2 ormar, 
og so slo han ein til. Men då laut han halda upp, for det 
kom so trysjande fullt med ormar, at han måtte leggja til taus 
det snoggaste han vann og berga seg på den måten. (Jossedalen) 
Dei hermer etter bjørnen: Bukkabodn og verahodn klinga i mitt 
øyra, men langelen og reinestriv (= børsa, skjefte på børa) det 
taler eg ikkje høyra. Dei brukte mykje å blasa i langelur 
for å skræma bjørnen. (Hafolo)