Sogn og Fjordane, Gulen, g.nr. 2,1
Stn. v/skb. 1932
Jydalssteinen. Det var ein mann som dei kalla Hydalstjuven. Stal
gjorde han, og var ein illgjerningsmann på alle mâtar. Då folk var
etter han alle stader kom han her til Losna, og han budde under
Hydalssteinen. Han kunde klumsa. Han stal beist, som han åt. Ein
gong skulde dei freista laga det so, han kom ikkje her ifrâ, med-d:
dei tok alle bâtane som fanst på Losna og sette dei i eit naust, og
dei heldt vakt. Hydalstjuven kom um natti, og folket høyrde han kom
men dei kunde ikkje taka han. Han tok ein bât, og då det vart ljost,
og folket i naustet râdde med seg att, so rodde han der soli skein
so dei ikkje skulde sjå han. Hydalstjuven skulde verta skoten ti.
slutt nordi Afjorden. Hydalen er ein dal ovanfor Øen, og der ifrå
skulde Hydalstjuven vera