Stn. v/skb. 1932
Sogn og Fjordane, Gulen, 39,4
Hallingskori. For mange år sidan var her ein mann frå Halling
dalen og høyrde seg etter arbeid. Det var so lite for han, at
han hadde ikkje til maten. So arbeidde han her på garden, so han
skulde ha til mat og klæde. Ein dag um sumaren var han uppe i fjelle
etter revelyng. Han gjekk burt i ei skor, der han fann nokre gode
lyngbuskor. Der la han lynget på toget og skulde gyrda. Medan hani
heldt på med det, rauk toget, so han for på rygg utfyre. Han slo
seg i hel i det høge fallet. Sidan den dag hev skori heitt Halling
skori. Dette er ei sann segn, for her liver enno folk som hev set
det