Sogndal i Dalene
Risen i Smidjefjellet
Der budde ein rise i Smidfjellet en gong. Han had
de sju soner, og den yngste hadde vorte so glad i dotteri aatt
grannen, som budde burti Skarvenuten. Foreldri deira lika
det ikkje og neita dei aa gaa til kvarandre. Men det nytta
aldri det grand. Heile den lange, myrke vetteren lurde dei seg
ut, og dei tok til aa prata um aa røma. Fraa fyrst av var
det liksom berre paa skjemt; men so etter kvart vart det meir
aalvor med talen deira. Dei tykte det maatte kunna la seg
gjera, naar dei berre var sløge nok. So fann dei seg ut eit hø
velegt fjell til aa bu i. Det var noko langt burte, men betre
fred fekk dei for gamlingarne, meinte dei; og so stræva dei og
bar burt mange ting dei tykte dei maatte ha. Men det gjekk
ikkje fort, for ingen maatte vita kva dei bala med, og det liid
alt langt fram paa vetteren, daa dei tykte dei hadde fenge nok.
Dei vart daa samde um aa røma komande laurdags kvelden,
min trolldatteri vart sjuk, so dei laut venta endaa ei stund.
Langt um lenge slapp dei so av stod; men daa dei skulde
hoppa yver Naavatnet vred trolldatteri sog so i eiru fraten
at ha laut setja seg eit til. Risen skunda paa og sa dei laut
rappa seg, dersom dei skulde naa fram fyrr soli rann. So