Fraa Tysnes.
Kramkararne som kom burt paa
garden Valle (Vadla) i Tysnes-sokni.
For lang tid sidan budde paa
denne garden ein mann som heitte Lars.
So ei natt brann stovehusi upp. Folki og
alt saman brann inne, berre tenestgjenta
vart berga. Ho hadde liksom kjent det
paa seg at det kom til aa henda no
ko, og so hadde ho gjenge aat løda
og lagt sig um kvelden.
Tenestgjenta kunde fortelja at det var
komne nokre kramkarar til gards um
kvelden, og daa dei røkte etter, fann
dei flerre hovudskoltar enn det var folk
paa garden. – Segni segjer daa at man
nen hadde drepe kramkararne, so han