Reksteren, Sunnhordland.
Storormen
Denne segni eg her vil fortelja er det
visst mykje sanning i. Det liver endaa gamle folk heime
som veit aa fortelja hendingi etter foreldri sine, og i deira
tid skulde det ha gjenge for seg
Det var ein grysjelig stor avm som med
ein gang kom til syne i marki straks sunnanfor der eg
bur. Ingen hadde høyrt gjete honom fyrr nokre støls
gjentor vart var honom ein dag. Han hadde stukke
det frasande andlitet sitt ut or ein brake, og gjentome
vart mest vitskræmde. Dei la paa sprang heim-att og
fortalde denne fale syni. Men ræddhugen deira hadde
gjort det fælare enn det var, meinte folk. Men seinare
var det mange som vart skræmde av hanor, og daa laut
dei sanna det gjentorne hadde sagt
Denne ormen var ei tid ei sann bygdeplaaga. Dei
kunde høyra blaasingi av honom lang veg, og folk var
reint skræmde. Ingen av gjentore vaaga seg paa stølen
som ventande var. Men det var ikkje frægare med karar
ne heller. Det var rett nok ein som skulde ha vaaga
seg til hogge ved ute i marki; men det var ikkje