eit stort fylgje koma ned igjenom lidi. Då dei
kom næmare, såg han at det var eit brur
fylgje. At kyrkja bar det med dei, og inn for
dei alle saman. Då håtta han Torkjel seg
for han visste fulla kva folk det var. Han
la inn etter byrsa se, og gjekk stad og gøymde
seg burte i lidi. Um ei stund kom folket
ut att or kyrkja, og for attende same vegen
som dei kom. Han Torkjel la byrsa at kjaken
Det var nok ikkje fyrste gongen han det hadde
gjort. Han sigta på sjølve bruri - og skaut.
Men då med eitt var heile fylget burte.
Han såg ingen att. Men då han kom burt att
i vegen, fann han noko, og det var brurekruna
Denne kruna var sidan på Myking i lange tider
Men so vart ho seld på ein auksjon ein
gong, og etter den tid var det liksom ho var
kvarni burt.
Denne kyrkja stod i mange mannsaldrar.
Men so bygde dei ei ny ein gong, og reiv den
gamle. Dei hadde ikkje betre vit.
Uppskrive av Karl Øvretveit.
1913