Manger = Nordhordland.
Eit tussedraap.
Det var ein mann paa ein av gardanne
som hadde ei ovfager dotter som ein tusse
hadde vorte so glad i. Um dagarne naar
ho var i løda og helste, var han hjaa
henne og rødde um mangt og mykje.
Han sat daa alltid uppe paa skikkelanten,
og slengde foterne att og fram yver laaven.
Og um kveldarne naar ho skulde stad og
leta etter lambi, sa han alltid kvar dei
var, fyrr ho gjekk. Han vaaga seg radt
inn i stova til heime og un kveldarne
naar ho sat og spann. Naar ho gjekk i
floren, kunde ho vera stod paa at han kom.