Eg hev bedt henne godmor fortelja
meg ei sogafraa gamle dagar.
Nei ho veit ingen ting til fortelja,
sigjer ho.
"Aa jau", bed eg, "eit eventyr eller
noko sovore.
"Eventyr" segjer ho, – dei fortel
so mykje som skal vera sant ne,
– eg tykkjer det høyrest ut som
eventyr mykje av det, eg.
Men det var kann henda likso
mykje av det slaget fyrr som no.
Daa trudde dei, at folk kunde verta
bergtekne og sovore.
"Hev det vore folk paa vaare
kantar, som var bergtekne?" spyreg.