Skaanevik i Søndhordland.
Korleis Vannes vart til.
I gamle dagar budde det ei trollkjerring
uppaa Skaaneviksfjelli. Ho hadde kjærasten sin paa
hi sida av fjorden, burte i Holmedal. Han budde paa
Ulvenosi, som er det høgaste fjellet her ikring.
Trollkjerringi var no baade tidt og jamt paa vitjing
til kjærasten sin. Men so tykte ho det vart so brysams
i lengdi aa ro yver fjorden; styggever var det og jamt
Og so sette ho seg fyre aa byggja ei bru tvert yver,
so det skulde verta lett aa koma fram og attende.
So tok ho til aa bera stein. Den fyrste var so
stor at han rakk yver mest halve fjorden. Den andre
var noko mindre; for ho var vorti trøytt etter den fyr
ste byrdi; og den tridje var endaa mindre.
Men daa ho skulde risa upp og gaa etter den siste
vesle steinen, ørka ho ikkje meir, men vart sitjande
med den tridja paa ryggen. Og der sit ho endaa.
Ho fekk ikkje brui ferdug, so fjorden vart