Full text: Segner oppsk. av lærarskule-elevar 1913 1913

Hanso i Hardanger: 
Trollkjeningi i Hanse-fjellet. 
Garden laag lenger uppe fyrr. Det er ikkje so lenge 
sidan han vart flutt ned der han no ligg. 
Det budde er trollkjerring uppe i fjellet; ho var det som 
var skuld i at garden vart flutt 
Ho hadde ein son som ho skapa inn til ein bjørn 
og sende ned i lidi. Han gjorde stor skade paa buskapen 
og folk kunde i lengdi ikkje tola dette. Dei var etter 
han baade seint og tidligt, men ulukka var at det 
ikkje beit bly paa han. Men so var det ein mann 
som ladde med ein sylvknapp, og daa laut bamsefar 
til. Og staden der bjørnen vart skoten, fikk endaa 
namn etter skyttaren, og ber det den dag i dag. 
Daa trollkjerringi skyna at sanen var drepen, vart 
ho svært sinna, og lova paa at ho skulde hemna 
seg. Daa so snjøen kon, tok ho til aa bera i hop 
snjø til ei fagna skrida. Joledag var ho ferdig og 
sette henne paa las. Skuda for veltande ned