Sogn og Fjordane, Vevring, g.nr.11,1,2,5 Stn. v/skb. 193.
Varfloten. På Varfloten er der ein stor gravhaug, i Vareskogen er
det fleire små. Dei har køyrt burt mykje til veitastein. I ein ay
dei fann dei ei leirkrus. På Varflata skal etter segni ha vore grav
stad. Og bestefar (fødd 1804) fortalde at i hans ungdom synte gar
vollen greit kring dette stykket. Utanfor var det brune lyngmarker,
men innanfor var marki grøn og tuette som etter ned-sokne graver.
Det er i vestre enden av dette stykket den store hogen på Varflate
ligg. Segni fortel ogso at det var der kyrkja skulde ha vore reist
Men ein myrk haustnatt ha ein timerflote til dette bruk som låg ned
med kyrkjebergi slitna og drive burt under Tingneslandet. So vari
kyrkja reist på Vevring. Dei trudde det var Guds vilje når flåten
dreiv burt der. Men det var nok dei som trudde norafjordingar hadde
hjelpt Vårherre den gongen.