Hannaas 59 ...
Fossan
Forsand
"Stæla Svin
Ein Samlar fyrst saman ei mengd med
sko set det dei i ei rekkja attmed ein Stol.
Dei skal vera svin. Gjætaren set seg paa
stolen med ein sokk eller eit anna klæde
plagg i handi. Han held handi i veret
og sokken ned yver ryggen.
Dei andre gjeng burt til gjætaren ein um
gongen, helser vyrdsamt paa han og segjer:
"Æ dær naagaa svin mine i hol mæ dine?"
Gjætaren: Du faar leida i flaakkjen."
Den framande skal daa freista um han
kann faa stela eit eller fleire "Svin".
Fær gjætaren slaa til han med Sokken,
lyt han sitja svinet paa "plass." Men fær
han ikkje slaa tjuven, misser han "svinet"
Soleis kjem den eine etter den andre og skal
freista stela "svin" fraa gjætaren.
Sikke Mæle