Lerøyi
Snu gaasa
Han som skulde "smi gaasa", la seg
paa kne midt paa golvet. Dei andre
sette seg ned langs veggjerne i stava.
Ein av dei ropa daa til den som
laag paa kne. "Snu gaas!" Han
svara: "Eg fær ikkje." "Kven fyre?"
Han som laag, nemde daa namnet paa
ein i stava, og so maatte den han
hadde nemt, gaa burt paa golvet og
leggja seg paa kne framfor han.
Dei famna kvarandre som til
ryggtak tvo gonger, ein gong yvertak
med høgre arm, ein gong med vinstre,
og so kystest dei midt paa munnen.
Naar det var gjort, var den fyrste
ferdig; men den andre maatte liggja
og snu gaasi næste gong.
Leiken er avlagd. (for 30-40 aar sidan)
Erik Lerøy