Korleis ein skal kan få vita kven ein skulde verte
gift med. (Freistingar, kalla ume det)
Å setja 3 skåler på bordet.
Julafta skulde ein setja 3 skåler på bordet, ei med vatn, ei med
øl og ei med mjølk. Han (ho) skulde sitja på ein krakk eit stykke
ifra, bordet og kl. 12 skulde den ein vart gift med, koma og drikka or ei
skål. Drakk han (ho) or vasskåli, skulde det verta armod, tok han mjølke
skåli so vart det velstand, og tok han ølskåli og drakk or, so vart
det ein drikkar.
Ei gjenta provde dett eingong. Kl. 12 kom ein og tok olskåli
drakk
og gjekk.
Ho kjende han godt. Nett etter kom ein annan og tok
drakk op
vasskåli og gjekk,
og so kom det ein tredje mann og drakk or mjølkeskåli. Gjenta vart
gift 3 gonger. Den fyrste vart ein drikkar, den andre ein fant, og
den tredje vart ein velstandsmann. (Balestr.)
I Fjærland fortel dei det soleis: Dei sette fram 3 glas på julafta, et med vatn,
eit med vin og eit med øl. Dei skulde sjå ned i glasi juledagsmorgonen,
og då skulde dei få sjå andletet åt den dei skulde få i eit av glasi.
Var andletet i ølglaset, vart det ein drikkar, var det i vinglaset, vart
det ein velstandsmann, og var det i vassglaset, vart det berre
armod og naud.
Telja vedskione.
Julafta kunde gjentne få vita um dei fekk han dei vilde ha. Når dei
gjekk ut etter eit vedafang, skulde dei
berre
tentja på han dei vilde ha.
Når dei kom innatt med fanget, talde dei vedskione. Vart talet jamt,
so skulde dei få han, og var det odde, skulde dei ikkje få han.