A sova i nytt hus
Når ein sov i eit hus som ein aldri hadde vore inni fyrr,
skulde ein telja sperrone i taket (eller fjølene i lemen) og
rutone i glaset. Skorne skulde ein setja andføttes under sengi,
og so skulde ein ikkje snakka meir um kvelden. Då skulde ein
drøyma kven ein vart gift med.
Å gå attlenges rundt stovehuset.
Julafta kunde karane få vita kven dei skulde få. Ein skulde gå attlenges
rundt stova med ei ølkjengja i handi. Da Ein skulde drikka ein sup med
kvart hysna. Når dei hadde gått 3 gonger rundt stova, skulde ein på sjå
henne som ein skulde få.
Å liggja nedfyre Julafta.
Ein skulde leggja seg i grålysingi julafta og stå uppatt i skymin
gi. Ein skulde ikkje eta, ikkje drikka og ikkje snakka heile tidi. Ein
kunde og leiga ein annan til å liggja for seg, og han fekk sjå kven den andre
skulde få og fortalde det. Med det same ein stod upp i skymingi,
laut
skulde han (ho) som ein vart gift med, koma nett som han stod til,
anten han so var pynta eller ikkje.
A dra ein kjelke attlenges rundt ei turka.
Julafta skulde ein dra ein kjelke attlenges rundt ei turka 3 gonger.
Det laut vera eit gjerde framanfor turkedøri, slik at kjelken vart dregen
millom gjerdet og døri. Når ein kom til turkedøri tredje gongen, skulde
kjelken verta tung, og då sat han (ho) ein skulde verta gift med på
kjelken. Ein kunde prata med han (henne) like til morgonen.