Full text: Folkeminne samla i Balestrand prestegjeld 1928/1929 Balestrand

når dei gjekk til alters. 
Ein annan fortel at jonsoknatte skulde alle 
trollkjerringar gå til alters. Det var eingong 
tvo som hadde lurt seg inn på kyrkje lemen 
tegjande. Klokka 12 såg der trollkjerringane koma 
inn. Best det var så den eine: Nei å nei! Der 
kjem ho mor. 
slike som hadde selt seg hl den vonde hadde 
svid-merke millom fingråne; såri vilde ikkje 
gro att. 
Det var eingong ein som hadde selt seg til 
den bonde for å verla god felespelar. Han 
hadde slik hug til å verta hæv spelemann, men 
greidde ikkje å læra seg sjølv. So fekk han 
hjelp av den vonde, og då spelte han slikat 
folk var reint ville og ifrå seg. 
Ein annan felespelar hadde lært den hunsti 
hjå hinmannen å slita av felestrengene på 
andre spelemenn sine felor, utan endå um 
han sat eit heilt stykke efrå. Han brukte 
denne kunste ofte når dei var tvo spele 
menn i eit lag, og han vilde skjemma ut 
for den andre.